Stranda turlag 

Tur til Åkenestårnet og Flostein-nibba

September 2009

Hovedside Turprogram Rutebeskrivelser Foto galleri Turminner

 

Tinderangling i Strandadalen

Start fra Herdal,  til  Herdalsnibba vidare over Åkenestårna

Over Flosteinnibba og så ned Haukhammerdalen til Røyr




Starten frå Herdal, her oppe ved  øvste Herdalsvatn, før oppstigninga til Timbjørgheia

.

.Fin utsikt nedover Strandadalen, snart oppe på Timbjørgheia

.

.



Då er vi straks oppe på Herdalsnibba



Då har vi utsyn tilbake mot Ljøbrekka, nede ser vi øvre Herdalsvatn, med vegen langs vatnet, og tunellinslaget.
Videre kan vi skimte vegen oppover mot Ljøbrekka,  Derette ser vi Nykikjevatnet men Nykkjen ligg inne i skodda.

.

Oppe på Herdalsnibba ligg eit vatn berre eit par meter frå kanten av egga.





.

Herdalsegga har fin utsikt nedover Strandadalen, men det er mykje skodde i fjella!



På Herdalsnibba 



Då kan vi sjå  dei neste fjella på turen, nærmast ser vi Åkenestårna med Flostein-nibba bak.
Det ser ut som skodda vil legge seg godt tilrette denne dagen.



Sjå kva so dukka fram i skodda, ein stol i stein, Erling må prøvesitte.



Kvar er vi no??



Slik var  utsikta då vi kom opp på eit av Åkenestårna



Det meste vi såg av Åkenetårna, skodda låg tjukk her.



På veg opp mot Flosteinnibba fekk vi eit glimt av Åkeneset,
Kunne sjå ned på revna og innstallasjoneane  fjellsida.

.

 Frå Flosteinnibba fekk vi eit glimt av Synnylvsfjorden, ser ned i Fjørstaddalen og skimter Blåhorna inne i Skodda

.

Det var trollsk i Haukhammardalen denne dagen....



Ved vatnet i Haukhammardalen, her kjem vi under skodda og kan ta ein velfortjent kvil.


Haukhammaren, rett over gardane på Røyr



 Frå Haukhammaren har ein Herdalsnibba oppe til venstre og ser innover mot Ljøbrekka, kan skimte Nykkjen midt i bildet.




Foto Svein Lunde

 
 
 
 Har du gode fotominner som du ynskjer å dele med oss andre,
 ta kontakt med Svein Lunde

Tilrettelagt for internett Svein Lunde
Webmaster