Stranda turlag 

Skitur til Storebua og 

Sandfjellet i Stordal april 2007
Hovedside Turprogram Rutebeskrivelser Foto galleri Turminner

 
I april 2007 arrangerte Stranda Turlag tur til Storebua 1498 m og Sandfjellet 1470 m.
Turen starta frå Overøye skisenter i Stordal, vi gikk innover dalen forbi Langsetrane vidare innover 
til Jolbotn der oppstigninga begynnte.
Då er vi igang med turen, her på veg innover mot Pjusken, 
Storlihornet  midt imot, Jolbotn innover til høgre, Til venstre for Storlihornet ligg Kleiva.
.
.Då har vi utsikt tilbake mot Pjusken seter, og Langsetrane.
.
.Vi nermer oss Jolbotn, og bakkane vidare oppover  virker
utrulig bratte, orkar vi dette???
.Men ei god rast og litt påfyll av niste gav ny energi, turdeltakarane nyt sola i fulle drag.
.
Då er vi oppe på første ryggen og der er det sjølvsagt nye bakkar vidare,
Utsynet tilbake er alt storslått. Vi ser ned mot Overøye, og i bakgrunnen kneiser Seljebotntinden.
Vi har eit  mektig utsyn mot Overøyestolen til venstre og Rollsbotskorkja til høgre.
Under ser vi Storlihornet og Kleivavatnet.
.
Etter ein rast går turen vidare i fint driv, med turleiaren i fremste rekke.
Overøyestolen og Rollsbotskorkja kneiser  i bakgrunnen.
 Då er det siste kneika før vi er oppe på Storebua, 
her var det bratt. og skaren var knallhard.!!!
Endeleg oppe på Storebua, her er utsikten formidabel.
Føler at du er oppe på taket, med utsikt både mot  Romsdalsfjella og Sunnmørsfjella.
Alle kan vere stolt av turen opp hit.
Vi skimter Romsdalsfjorden i bakgrunnen.
Om sola varma godt nede i bakkane så var det beinkald vind oppe på toppen.
Kjendte turdeltakara stiller til fotografering.
Nede igjen fra Storbua er det fristande å legge turen om Kvassetind. 1376 m.
Toppen såg ikkje kvass ut her, så dette måtte undersøkjast !!
Men då vi kom til toppen var det en kvass pynt med floget utfor. Toppen ber namnet med rette. 
I bakgrunnen ser vi Måndalen og  Romsdalsfjorden.
Frå Kvassetind går turen bortover mot Sandfjellet.
Skal tru om det er flott utsikt der?
Frå Kvassetind ser vi mot Sandfjellet, frå denne vinkelen virker det som 
turdeltakarane  går svært nær den store skavelen.
.
Då er vi på toppen av Sandfjellet, her er det vidt utsyn utover Romsdalsfjorden 
Vi skimter Molde i disen.
.
.Utsikten mot Sunnmørsalpane er og storslått.
Frå Sandfjellet har vi eit flott skue ned mot Måndalen og Romsdalsfjorden,
og vidare innover, Åndalsnes kan skimtes.
Her ser vi tilbake mot Overøye, med Pjusken seter og Langsetrane .
Stordal Alpinsenter på høgre sida av dalen, med Storlihornet rett under.
Overøyestolen kneiser  til høgre i bildet.
Ein flott tur, det var alle enige i.
Då er alle turdeltakarane trygt  nede i Jolbotn igjen og vi kan sjå tilbake på ein flott turopplevelse.

Foto Svein Lunde

 
 
 
 Har du gode fotominner som du ynskjer å dele med oss andre,
 ta kontakt med Svein Lunde

Tilrettelagt for internett Svein Lunde
Webmaster