Stranda turlag 

Overgangstur frå Sunnylven til Geiranger

Holedalen - Skagedalen - Homlong

Hovedside Turprogram Rutebeskrivelser Foto galleri Turminner
I august 2002 var det tid for tur frå Sunnylven til Geiranger.
Med  start frå Holesetra i Sunnylven.
 
Frå starten på Holesetra, herifrå går det bratt opp i sida rett framfor, opp til Stigen (1200 m)
som ligg på kanter på det lavast punktet vi ser.
Sola varmar godt i den bratte sida oppover mot Stigen.
Her har vi fin utsikt nedover Holedalen med Hole i botnen.
Då er vi oppe på Stigen 1200 m med utsyn i fleire retninger,
turen går no vidare gjennom Ljosura mot skaret til høgre i bildet.
Fjellet til vestre i bildet er Gjerklandeggja 1350 m
Her har vi utsikten fra Stigen nedover Ljosurdalen med Ljosurdalvatnet (827 m) rett under.
Fjellet i bakgrunner ligg på andre sida av Geirangerfjorden Geitfjellet.
Vi har no komt til skalret mellom Gjerklandsegga opp til venstre og Ljosurdegga opp til høgre.
Rett under ligg Skagedalen, midt i bildet kan vi skimte Skagedalsvatnet.
Flott utsikt nedover den vide Skagedalen,
For å kome ned må vi gå rundt skavelen som ligg i skaret.
Det er ein stor snøskavel som må forserast dette året, Ljosurdegga i bakgrunnen. 
Nedstigninga til Skagedalen går i ei bratt ur.
Utsyn over Skagedalen, ein frodig dal med gode jakt og beiteområder.
Vi nærmer oss Skagedalssetra, kan skimtast til høgre i bildet, i det lyse partiet.
Glade turdeltakara
I bakgrunnen ser vi oppe til høgre snøskavelen  der stien kom over frå Ljosurda 
Ljosurdegga toppen til høgre i bildet.
Skagedalssetra midt i bildet, Gomsdalen i bakgrunnen på andre sida av Geirangerfjorden.
Då har vi ein god rast på Skagedalssætra
Bak ser vi  Blåhornet og til høgre skimter vi Holedalsegga.
Turen nermer seg endepunktet Geiranger, her frå  Homlongsetra,
på andre sida av fjorden kan vi skimte Ørnesvingane.

Foto Svein Lunde

 
 
 
 Har du gode fotominner som du ynskjer å dele med oss andre,
 ta kontakt med Svein Lunde

Tilrettelagt for internett Svein Lunde
Webmaster