Stranda turlag 

Tur til Verpesdal og Skrenakken

Frå Ospahjellen over Blåhornet til

Verpesdal og Skrenakken 

Hovedside Turprogram Rutebeskrivelser Foto galleri Turminner
Del II,   Fra Verpesdal opp til Skrenakken
OBS ! Det tar tid å laste ned sida
 
Parti frå Flåna, Råsa  som fører frå Blåhornet i bakgrunnen og  ned til Verpesdalen.
Frå same utgangspunkt som forrige bilde ser vi tilbake til Blåhornet til venstre, bak skaret ligg Kilstvatnet og i det fjerne skimter vi Skorene
.Frå Verpesdal.
I Verpesdalen var det opprinneleg 3 bruk, dette er Karlgarden som vart fråflytta midt på 50 talet.
Ole og Kristine Verpesdal dreiv denne garden fram til Ole døydde i 1952, og Kristine flytte til Stranda.
Husa vert i dag brukt til sommerbolig for etterkomarane deira.
Vi hadde ei tivelieg rast her med besøk inne i huset. Mange minner hang i veggane her..
Når ein kjem råsa frå sjøen møter ein dette tunet først, Jakobgarden, her budde Ole og Sofie Verpesdal fram til 1964.
Då går turen vidare mot Skrenakken, utsikta mot fjorden og Liabygda er storslått.
Råsa frå Verpesdal til Skrenakken fyljer kraftlina som går til Røbbervika, her er vi høgt over garden Skrenakk, og råsa går nedover mot garden.
Skrenakken ligg på ei fjellhylle på 420 m høgde  med storslått utsikt utover fjorden mot Stranda og Liabygda.
Harald Vågseter som no eig  staden vaks opp her og har samman med familia tatt vare på husa og garden, og er flittige brukare av staden.
Som fast bustad vart garden fråflytta i 1954
Husa er i dag satt i god stand. 
Til overrasking for turdeltakarane fekk vi servert Rjomegraut og spekemat, Det smaka etter ein lang og strabasiøs tur.
Verskapet, Emma og Harald til venstre på bildet.
Før vi forlet Skrenakken måtte vi betrakte dette utsiktspunktet som blir kallt Skrenakknibba.
.Her er det virkelig sug i magen!!!!!!!
Gå tilbake til Del I av tur til Ospahjell - Verpesdal - Skrenakken

Foto Svein Lunde

 
 
 
 Har du gode fotominner som du ynskjer å dele med oss andre,
 ta kontakt med Svein Lunde

Tilrettelagt for internett Svein Lunde
Webmaster