Stranda turlag 

Tur til Verpesdal og Skrenakken

Frå Ospahjellen over Blåhornet til

Verpesdal og Skrenakken 

Hovedside Turprogram Rutebeskrivelser Foto galleri Turminner
Del I,   Til Ospahjellen og opp til Blåhornet
OBS ! Det tar tid å laste ned sida
 
Turen starter med båt frå Stranda til Ospahjellen 
Her skimter vi Ospahjellen i morgendisen.
.I støa til Ospahjellen blir vi mottekne av vertskapet på garden.
.Ospahjellen ligg fint til ca. 200 m høgt med fin utsikt over Storfjorden, Stranda og Liabygda. Garden vart fråflytta i 1957
Vi vert grundig informert om livet på garden i farne tider.
Mange nytta høvet til eit bilde av garden og utsikta.
Vegen går videre opp til Hjellen, der den fyrste bosettinga starta, herifrå  var det kortare veg til Eidsdal, men husa var nok primitive.
Utsikta frå Hjellen var storslått, her ser vi Linge til venstre og fjorden inn til Norddal til høgre.
Frå Hjellen går råsa i fint terreng oppover mot Blåhornet.
På Blåhornet er det vid utsikt, her mot Liabygda.
Utsikt frå Blåhornet: til høgre ser vi Flåna, deretter vatnet med garden nede i Verpesdalen, vi kan så fylje kraftlina opp til venstre og ender oppe på Skrenakken som ligg på ei fjellhylle i bak-kant av bildet, vidare ser vi ut mot Stranda.
Turen vår går vidare utover Flåna forbi det vetnet vi ser, ut på røra før vi gjeng ned i Verpesdalen, deretter opp til Skrenakken.
Turdaltakarane slapper av på toppen av Blåhornet, til høgre  skimtar vi ryggen som fører opp til Grøtet (Skrenakknibba)
Nokre av turdeltakarane nyt den storslåtte utsikten.
Ein idyll ute på Flåna. Vi skimtar Blåhornet i bakgrunnen.
Gå til Del II av tur til Ospahjell - Verpesdal _ Skrenakken

Foto Svein Lunde

 
 
 
 Har du gode fotominner som du ynskjer å dele med oss andre,
 ta kontakt med Svein Lunde

Tilrettelagt for internett Svein Lunde
Webmaster