Stranda turlag 

Tur til Geirangerfjorden

Frå Lundaneset over Robbedalen til Knivsflå 

Hovedside Turprogram Rutebeskrivelser Foto galleri Turminner
Del II,   frå Robbedalen over heia til Knivsflå
Part 2 from the walk  beside  Geirangerfjord, star at Lundaneset and end in   Knivsflaa
 

Bilde frå Lundanesegga innover mot  Robbedalen.


Her er restane etter setrane i Robbedalen,  her hadde Matvik sin sommerslått.

Vi ser tilbake mot Robbedalen over området som vart brukt til  slåttemark.  På ca 1000 m høgde.

Det er rast ved  Korsvatnet på 1100 m, Grautnibba i bakgrunnen.

Her er vi på veg opp mot Grautnibba, Djevlegjølet rett bak oss, og vi ser Korsvatnet til høgre i bildet

Slik er terrenget over Djevlegjølet, her på ca 1100 m høgde.
Utsikta frå Grautnibba er dramatisk, her går det rett i fjorden 1260 m rett ned!!!!!

På andre sida av Geirangerfjorden ser vi fjellgarden Blomberg på ei hylle i fjellet, vi ser vidare fjellterrenget over garden,
her var vide jakt og beiteområder.

Lenger ut på kanter kan vi ikkje gå!
I bakgrunne ser vi fossen Friaren kaste seg ut av fjellet.

Her må utsikta nytast, fjella i bakgrunnen er Synnylvsfjella

Turdeltakere med tilknytning til fjellgardene i Geirangerfjorden, her har vi begynt på nedstigning til Knivsflå.
Vi ser innover Geirangerfjorden, Gomsdalen midt på bildet, Knivsflå ligg nede ved fjorden bak personene.
Skageflå ligg lenger til høgre, og vi kan sjå Preikestolen midt på bildet. Skimter så vidt Homlongseter over preikestolen.

På veg ned til Knivsflå går vi forbi jakthytta til Knivsflåbuarane. på ca 800 m høgde,

Geirangerfjorden frå ein uvanleg vinkel, vi ser fossen Friaren til høgre, kan skimte fjellgarden Skageflå midt på bildet.
Over Skageflå ser vi Preikestolen.På andre sida av fjorden ser vi Gomsdalen, med muligheit til å gå over til Oaldsbygda.

Nerbilde av fjellgarden Skageflå, med fjellhammaren Preikestolen rett over, her kan ein studere råsa frå sjøen opp til garden og 
vidare frå garden opp over Preikestolen til Homlong seter som kan skimtast. derifrå er det fin sti innover til Homlong.
Turen frå Skageflå over setra tilbake til Homlong og Geiranger kan anbefalast som ein fin fjelltur.
Spør kjentfolk om transport.

Ein lang dags tur går mot ende, her på tuftene på Knivsflå.
Gå tilbake til  del I av turen  frå Lundaneset opp til Robbedalen 

Foto Svein Lunde

 
 
 
 Har du gode fotominner som du ynskjer å dele med oss andre,
 ta kontakt med Svein Lunde

Tilrettelagt for internett Svein Lunde
Webmaster